Idrettslagsbasar i Skogstjerna 30.september kl.1500
Postet av Markane IL den 24. Sep 2018
Den årlege idrettslagsbasaren blir søndag 30.september i Skogstjerna frå kl.15.00.
Loddsal - åresal.
Enkel, gratis servering.
Gevinstar til lodd- og åresalet tek vi med takk i mot.
Vi vil gjerne vite om desse på førehand - særleg gevinstar til loddbøkene.
Ring tlf. 97 07 66 95 - Eldbjørg.
Så vonar vi på fullt hus og god basarstemning i Skogstjerna 30.september!
Styret i Markane Idrettslag
v/ leiar Eldbjørg Hatledal
Anleggsarbeid på Ullsheim
Postet av Markane IL den 20. Sep 2018
Dei neste vekene vert det ein del anleggsarbeid på Ullsheim i vekene framover. Det blir mest i den lengst lysløypa, men også litt trafikk på den delen av rulleskiløypa som også er skogbilveg.
Vi oppmodar alle som ferdast i området, om å vere merksame og forsiktige!
Resultatliste frå Young Star rulleskiskyting på Ullsheim 16.9.2018
Postet av Markane IL den 17. Sep 2018
Her er resultatlista frå rulleskiskytingsrennet på Ullsheim 16.9.2018
Resultatliste Young Star rulleskiskyting på Ullsheim 16.9.2018
Markanebadinga
Postet av Markane IL den 17. Sep 2018
Markanebadinga er i gang igjen på måndagane. Kvar måndag framover vert det bading i Stryn symjehall frå kl.1900-2000.
Alle som deltek, må vere medlem i Markane IL.
Nye medlemer er velkomne!
Vel møtt!