Sølv til Aksel Meland på heimebane

Postet av Markane IL den 24. Jan 2016

Aksel Meland (Foto Nordfjord Team) kom på andreplass på sprinten i DNB cup 4 /Statkraft jr. cup 3 på heimebane på Ullsheim.

Aksel var 29,7 sek etter Filip Fjeld Andersen frå Geilo som tok klassesigeren . Dei hadde begge to strafferundar på ståande skyting etter å ha skote fullt på liggjande. Odin Garli frå Sokna IL tok bronseplassen, 33.4 sek etter vinnaren. Også han med to rundar.

I klasse M18 vart Erlend Bakken best av våre med ein 34. plass. Han hadde tre bom og var 2 min 43 sek etter klassevinnaren Vebjørn Sørum frå Søndre Ål sportsklubb. Fredrik Bucher-Johannessen frå Try IL kom på andreplass, 21 sek etter vinnaren. Tredjeplassen gjekk til Mathias Skrede frå Geilo IL. Alle på pallen hadde to bom.

Dei øvrige deltakarane frå MIL i M18 plasserte seg slik: 49. plass Håkon Midthjell Gjørven som var 3min 48sek etter vinnaren med fire bom, 54. plass Grim Nygård som var 4 min 29 sek etter vinnaren med fire bom, 57. plass til Odd Sindre Tonning som var 5 min 41 sek etter med åtte bom og 59. plass til Andreas Halsteinslid som var 6 min sek etter med seks bom.

Ingen deltakarar frå MIL i kvinneklassane, men Sigrid Flo Bødal frå Stårheim IL gjorde det svært så bra til klasse K17 med tredjeplass.

Alle offisielle resultatlister ligg under menyen Norgescup.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.