Finse 26.4.2014:
Postet av Markane IL - Ski den 28. apr 2014
43. plass til Johannes Thingnes Bø i Skarverennet

Johannes Thingnes Bø gjekk inn til 43. plass totalt under Skarverennet 2014. Han kom i mål etter 1 t 54 min 35 sek. Av dei som gjekk i klassa M21-25, kom han på ein 15. plass. I same klassa vart også Jarle Midthjell Gjørven nr 29 med tida 2t 2 min 26 sek. Han var nummer 101 i løpet totalt sett. Klassevinnar i M21-25 var tyske Sebastian Eisenlauer som kom i mål på 1 t 42 min 15 sek
Johan Eirik Meland kom på 32. plass i klasse M19-20 med tida 2 t 14 min 53 sek. Totalt i rennet heldt det til ein 253 plass. Klassevinnar i M19-20 vart Vebjørn Turtveit frå Voss IL med tida 1 t 46 min 41 sek.
Årets vinnar uansett klasse av Skarverennet 2014 vart Chris Jespersen på 1 min 36 min 16 sek. Vinnar av dameklassa vart Therese Johaug 1 min 53 sek 56 sek.
Skarverennet er 37 km langt og går frå Finse til Ustaoset. Årets renn var fullteikna og i alt 12 200 deltakarar fullførte årets renn som var det 39. i rekkja.
Leikanger 26. april:
Postet av Markane IL - Ski den 27. apr 2014
Aksel Mathias Meland og Simon Hjelmeset Kirkeeide på vinnarlaget i "Kjeringi Open"!

Vinnarlaget i juniorklassa i Kjeringi Open vart "Team Agurk": Trygve Brendehaug, Aksel Mathias Meland, Robin Nedrehagen og Simon Hjelmeset Kirkeeide. Foto: John Roger Meland
Aksel Mathias Meland (langrenn) og Simon Hjelmeset Kirkeeide (sykkel) var begge med på vinnarlaget i juniorklassa under årets Kjeringi Open. Laget deira "Team Agurk" hadde også den nest beste totaltida av samtlege lag i konkurransen. Med seg på laget hadde dei også Trygve Brendehaug (telemark) og Robin Nedrehagen (løp) frå Syril IL.
Kjeringi Open består av fire etappar med start på Kjeringafjellet 1314 m.o.h. og med målgong i Leikanger. Første etappen var 8 km med fjelltelemarkkøyring frå toppen av Kjeringi til Damefall 520 m.o.h. På andreetappen var det klart for ca 5 km langrenn over Viddamyrane og ned til Øvstestølen/Kleppa. Tredje etappen var omlag 4 km løp ned til Syril stadion. Siste etappen var 9 km sykkelløp med målgang på Hanahaug.
I alt deltok 75 lag i dei ulike klassane i Kjeringi Open. I superklassa (same person på alle fire etappar) deltok i alt 111. Markane hadde ingen med i denne klassa.
Resultatliste for lagskonkurransane er lagt ut nedanfor. (Klikk på namnet til laget så kjem det opp liste over kven som var med!)
Resultatliste for Kjeringi Open 2014 Lagskonkurranse Arrangør Syril IL Dato 26.4.2014
Skiposten 2014:
Postet av Markane IL - Ski den 24. apr 2014
Hugs å levere klippekorta for Skiposten!

Alle som har delteke på Skiposten 2014, må hugse å levere/sende klippekorta sine snarast til Anne Marie Svarstad eller Margunn Hjelmeset!
Premiar til alle!
Skjåk 17.4.2014:
Postet av Markane IL - Ski den 18. apr 2014
God deltaking frå Markane på Påskesprinten

Eskil Kveen vart nummer tre i G14 på Påskesprinten. Foto: Markane IL
Ein fin gjeng frå Markane var på start då Skåk IL arrangert Påskesprinten 2014 på skjærtorsdag. Totalt deltok 185 små og store skiløparar i eit av sesongens siste renn. Også denne gongen leverte gjengen frå Markane mange svært gode resultat.
Johan Eirik Meland vann klassa for menn 20-29 år. Klassesigrar vart det også til Maren Hjelmeset Kirkeeide i J11 og Oskar Guddal Breivik i klasse G12. Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk til topps i klasse G14 medan Eskil S. Kveen vart nummer tre i same klasse. Fredrik Nesje Lindvik vart nummer sju i klasse G13.
I dei yngste urangert klassane deltok Torje Seljeset i G9 medan Mari Sofi Meland, Sara Annie Bjørnhaug Aarnes og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide stilte opp i J9. Ella Kveen deltok i J6 og Ane Hjelmeset Kirkeeide var med i klasse J4.
Komplett resultatliste og fleire foto er lagt ut nedanfor.
Skisesongen nærmar seg slutten, men enno gjenstår blant anna avslutning for ski og skiskyttarar på Ullsheim 22. april. (Sjå her!)
Resultatliste for Påskesprinten Arrangør Skjåk IL Dato 17.4.2014

Dei fleste deltakarane frå Markane på Påskesprinten 2014 samla. Foto: Markane IL

Ella Kveen vert heia fram i løypa av Eskil og Lars Kveen. Foto: Markane IL

Johan Eirik Meland får premie frå Lars Berger etter å ha vunne klasse M20-29. Foto: Markane IL

Mari Sofi Meland i fint driv i løypa. Foto: Markane IL

Sara Annie Bjørnhaug Aarnes klar til start. Foto: Markane IL
Ullsheim 22.4.2014:
Postet av Markane IL - Ski den 15. apr 2014
Avslutning på skisesongen.
Tysdag 22. april kl 18.00 ynskjer vi alle velkomne til avslutning på skisesongen for både skiløparar og skiskyttarar på Ullsheim.
På grunn av manglande snø blir det leikar på barmark. Det vert servert pølser og frukt.
Velkomne!
Helsing skigruppa