Resultat frå sesongens andre cuprenn
Postet av Markane IL den 24. jan 2017

Sesongens andre cuprenn vart arrangert på Ullsheim tysdag 24. januar klassisk til. I alt var er 57 startande i løpet.
I dei yngste urangerte klassane deltok det 19 i klassa for dei på 8 år eller yngre og ni i klasse 9-10 år.
I klassane med tidtaking (frå 11 år og oppover) vart det klassesiger til Oddrun Hjelmeset Kirkeeide i klasse J11-12. I klasse J13-14 vann Emilie Flo Stavik medan Elias Dispen Lødemel var først i mål i klassa for gutar 13-14 år. Simon Hjelmeset Kirkeeide vann klasse G15-17. Kari Alsaker vann J15-17. I seniorklassen var Roar Alsaker og Åshild Sætren Bøe raskast.
Heile resultatlista finn du her:
Resultatliste cuprenn 2 i klassisk stil. Dato: 24.1.2017
Neste renn vert alt torsdag 2.februar. Då i kombinasjon med feiring av leiar i MIL, Eldbjørg Hatledal, sin 70 års dag.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026