Idrettsgallaen 2014:
Postet av Markane IL den 4. jan 2014
Johannes Thingnes Bø tildelt prisen "Årets gjennombrot"

Johannes Thingnes Bø kåra til "Årets gjennombrot". Foto: Anders Vonheim.
Johannes Thingnes Bø vann prisen for "Årets gjennombrot" på Idrettsgallaen 2014.
Johannes vann sine første to verdscuprenn rett før jul og har halde fram å imponere i renna no på nyåret. Skiskyttarane er på verdscuprenn i Oberhof, men var inne på direktelink under gallaen så Johannes fekk tildelt og takka for prisen på direkten. I talen takka han "verdas beste skiskyttarlandslag" og lova gode norsk innsats i Sotsji OL. Han takka også foreldra sine og "alle andre som veit kven dei er".
Dei andre nominerte i klassa var: Tiril Sjåstad Christiansen (freestyle), Caroline Graham Hansen (fotball), Tom Beier Jensen (skyting), Henrik Kristoffersen (alpint) og Are Strandli/Kristoffer Brun (roing).
Vi gratulerer!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026