Meråker 18.09.2011:
Postet av Markane IL den 19. sep 2011
Gull, sølv og bronse på jaktstartane i NM rulleskiskyting!

Gull til Johannes Thingnes Bø og sølv til Jarle Midthjell Gjørven under jaktstarten i NM rulleski. Foto: John Roger Meland
Johannes Thingnes Bø og Jarle Midthjell Gjørven følgde opp innsatsen på sprinten i går og sikra seg gull og sølv også på dagens jaktstart i klasse menn 19 år! Tarjei Bø gjekk seg opp frå gårsdagens sjetteplass til bronse på jaktstarten i menn senior. Dermed sikra løparar frå Markane IL både gull, sølv og bronse på ein dag!
Johan Eirik Meland gjorde det også godt på jaktstarten i klassa menn 18 år og avanserte til fjerdeplass. Han var berre 45 sekund etter vinnaren, Simon Ågheim Kalkenberg, Skonseng UL/Team Polarsirkelen ski.
I klassa menn 17 år gjekk Isak Flo Bødal, Stårheim IL /Team Statkraft Nordfjord til topps også i dag. Lars Midthjell Gjørven enda på 13. plass. Runar Netland, Markane IL kom på 23. plass i klassa menn 19 år.
Heile resultatlista frå dagens jaktstart er lagt ut her.
Vi gratulerer med flotte resultat!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026