Sykkelløp for born 25.05.2011:
Postet av Markane IL den 24. mai 2011
"Tour of Norway for Kids" vert arrangert i Stryn 25.mai
"Tour of Norway for Kids" er eit landsomfattande arrangement i regi av Sykkelforbundet. I Nordfjord er det Stryn sykkelklubb som skal vere arrangør. Kanskje er her unge syklistar i laget vårt som har lyst å stille på?
Løpet startar frå brannstasjonen i Stryn ondag 25.mai kl.18.00.
Løpet har eigne klassar for dei med trehjulssykkel eller støttehjul. Øvre aldersgrense er 14 år. Løypelengda for dei yngste er 400 meter. Det er gratis å delta og alle får premiar. Ein av deltakarane vert den heldige vinnar av ein ny sykkel!. Påmelding kan gjerast på lenkja her. Det er også mogleg å melde seg på ved start.
Meir informasjon om "Tour of Norway for Kids" er her.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026