Vil du melde deg inn i Markane Idrettslag?
Postet av Markane IL den 8. mar 2011
Markane Idrettslag er eit svært aktivt lag. Noko av aktiviteten vår finn du ved å lese på heimesida. Laget har for tida grupper i ski, skiskyting, trim, orientering, friidrett, sykling og i tillegg kjem Markane og Stryn Barneidrettsskule.
Innmelding/utmelding/endring av medlemskap.
Dersom du ønkjer å bli med i laget, send ein epost til Antonia Karete Kongsvik antoniak@online.no. D
For å få registrert deg/dykk treng vi namn, adresse, fødselsdato og år. I tillegg vil vi gjerne registrere alle våre medlemmer med epostadresser og mobilnummer for å enklare kunne sende ut informasjon. Yngre born vert registrerte med epost/telefonnummer til ein av foreldra.
Dersom nokon skulle ønskje å melde seg ut, så send oss ein epost til antoniak@online.no, så vert de fjerna frå medlemslista. Hugs også å melde frå til oss ved eventuelle endringar i medlemskapet til dømes nye familimedlemmar! Born går automatisk over til enkeltmedlemskap(vaksen) det året dei fyller 18.
Medlemskontingent for 2011:
Born (født 1994 eller seinare): 150 kr
Enkeltmedlem (vaksen): 300 kr
Familiemedlemskap: 600 kr
Medlemskap for vaksen eller familiemedlemskap gjev rett til gratis parkering på Ullsheim.
Markane IL sine medlemmer (vaksen/familie) er også medlemmar i Skiturlaget Ullsheim-Stryn.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026