Ullsheim 19.-21.september 2014:
Postet av Markane IL den 6. aug 2014
Innbyding til langrennssamling på Ullsheim

Markane IL innbyr i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins til langrennssamling på Ullsheim helga 19.-21. september. Samlinga er for jenter og gutar fødde frå 1999 til 2003.
Sjur Ole Svarstad som er trenar for NSF sitt rekruttlandslag vert hovudtrenar på samlinga. I tillegg deltek trenar frå Markane IL og Sogn og Fjordane Skikrins.
Stad: Ullsheim
Tidspunkt: 19.-21. september 2014 (startar fredag ettermiddag og avsluttar søndag etter lunsj)
Deltakaravgift: 700,-kr pr. person.
Deltakaravgifta inkluderer mat (frukost, lunsj, middag, tilbod om kveldsmat, frukt), varierte treningsøkter, overnatting (flatseng på Ullsheim) og mykje sosialt samvere.
Påmelding via Questback
Frist for påmelding: Fredag 12. september.
Sidan samlinga tidlegare år har vorte fullbooka, oppfordrar vi alle som vil vere med om å melde seg på så snart som råd!
Påmelde deltakarar vert tilsendt meir detaljert informasjon om samlinga.
Velkomen til samling på Ullsheim!
Innbyding til langrennssamling 19.-21.september 2014
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Heiderteikn tildelt Tarjei og Johannes!
10.06.2026
Resultatliste frå Postvegløpet 2026
03.06.2026
Postvegløpet 3.juni2026
03.06.2026
Innbyding til Oldestafetten 19.april 2026
10.04.2026
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
10.04.2026